torsdag 22. oktober 2009

Blantyre og praksis



No er me komt til Bantyre, me tok AXA buss, nåke som minne om kystbussen heima, berre at me får mat og drikka på turen. Godt med litt luksus. Vel framme i Blantyre blei me henta på bussplassen, og du kan tru me blei glad, for det er nemlig ingen sjølvfølge. Me blei vist til rommet vårt som er heilt greit, det blei koselig når alt var pakka ut og bildene var komt på veggen. Helga gjekk med til magaproblem og avlapping. Godt når det var over.


På mandag hadde Siri bursdag, me gjekk ikkje i praksis sidan magane ikkje var heilt som dei skulle endå. Morgonen starta med opppakking av pakken til Siri som har vore med oss heit frå Norge. Det vart ei tårevåt stund, med både gledestårer og ”savnertårer”. I pakken var det mykje godt frå Norge. Og på kvelden blei det gele med syngande bursdagslys. Veldig kjekk kveld med film og snop frå norge:)

Tirsdag var fyrste dag i praksis med omvisning på sjukehuset. Queen Elisabeth central hospital er Malawi sitt største og beste sjukehus. Det er ikkje ei høgblokk slik som sjukehusa er heime, alt er på et plan med åpne gangar med tak over mellom mange av avdelingane. Me hadde bestemmt at me ville prøve oss på pediatrien siden me ikkje har muligheten til å vera på ei slik avdeling heime i Norge. Me bestemmte at me ville vera på PSCW (Paediatric Special Care Ward). Denne avdelinga er igjen delt inn I 4 soner. Ei malaria sone, ein meningitt og gastroenteritt sone, ei pneumoni sone, ei lita postoperativ sone og H.D.U (High Depandancy Unit). Me bestemmte oss for å konsentrera oss om å vera på H.P.U som er litt mindre å forhalde seg til enn resten av avdelinga. Denne er i tillegg skilt frå dei andre med pleksiglas. Heile avdelinga har 80 sengeplasser, men på H.P.U er det 10 sengeplasser. Men det er ofte 2 ungar i kvar seng. H.P.U er sona der dei kritisk og ustabile ungane blir lagt, ei slags intensiv avdeling. Dei har ofte sjukdommar som alvorlig lungebetennelse, alvorlig malaria/anemi og sepsis. Desse ungane får i tillegg to legevisittar per dag i staden for ein som resten av avdelinga gjer.

Onsdag møtte me Mrs. Kayange, sister in charge. Ei kjempe kjekk dame som elskar å lære frå seg alt ho kan. I heile dag har ho drilla oss i medikamentrekning, så me er ganske trøtte i hovudet. Men det er kjekt og for me lærer mykje. Men hovud rekning er verken meg eller Siri si sterke side så me snik oss til mobilkalkulatoren i ny og ned. No skla me på biblioteket å lese oss opp litt på fortynningar og rekning med internationale enheter.

På bildet ser du korleis avdelinga ser ut. Dette er tidlig om morgonen, og dagen startar alltid med vasking av senger. Då vert avdelinga tømt for pasientar, og berre dei som absolutt ikkje kan bli tatt med ut får bli, men dei må fint ligga i fanget til mora mens me vasker senga og legg på nytt laken. Pasientane har ein heilt utrulig stor respekt for sjukepleiarane her nede, hvis dei må til kontoret for å stilla spørsmål knelar dei og ber og tillattelse til å spørje.

1 kommentar:

  1. Først: Gratulerer Siri med overstått dag. Ingen tvil om at dere feiret skjønner jeg.
    Det er godt å høre at dere nå jobber på en plass der dere blir tatt litt vare på. Slik oppfatter jeg det i hvert fall. Det ser jo også ut som om et sykehus på dette bildet.
    Det var kjekt å høre (fra Terje) at dere hadde en flott fjelltur også. Tøffe jenter dere to forstår jeg :-). Nå har dere vel vært vekke i mer enn halve tida, og det er lov for oss her hjemme å glede seg til retur Norge. Vi savner deg veldig Solgunn, og jeg er sikker på at det er mange som savner Siri også. Det er forresten kjekt å se at det går unna i kjelleren hjemme hos deg Solgunn. Ser veldig bra ut.
    Stor klem og hilsen fra Margrethe

    SvarSlett