fredag 25. september 2009

livet i Communety Health Care

Tirsdag skulle me gå frå vaksinasjon og veiing til noko som heiter family planing. Det vil altså sei undervisning til damer om prevensjon. Dette for å unngå så mange ungar. Og det trengs verkeleg for uansett kor du snur deg så er det damer med enten barn etter seg, rundt seg, på ryggen eller på magen. Det rett og slett vrimlar av små søte mørkebrune vesen. Me underviser også om at det er betre å berre få 2-3 unger. Og på denne måten vere betre i stand til å ta seg av desse, slik at dei skal kunne få ein god oppvekst.

All undervisninga foregår på Chichewa, så det blir te at me stort sett sit der og ikkje skjønner kva dei seier. Men hovedprinsippet får me iallefall med oss. I et stort varmt UNICEF telt foregår undervisninga, med lokka dører, for det er tydelig at kvinene ikkje vil at mennen deira skal vete at dei er på family planing. Me presentere mange ulike prevensjonsmetodar, men så godt som alle går for alternative p-sprøyte. Grunnen til dette er at då treng ikkje mannen få vete at dei tar prevensjon. Det er vanskeligare å skjule at ein tar ei pille kvar da. Det er heilt ufattelig kor lite respekt mannen han for kvinna i dette landet! Sjokkerer meg stadig! Mange blir gravide igjen kort tid etter sist fødsel. Ikkje rart det vrimlar av ungar!

Me blei berre i family planing denne eine dagen, for me følte at læringsutbyttet vårt ikkje var så stort med tanke på kommunikasjonen med damene. Og med oss er denne svært dårlig. Så onsdag var det strake veien tilbake til vaksinering. Denne dagen delte me oss, Siri på vaksinering og eg på veiing.

I dag har me vore ute i outreach som det heiter. Det vil seie ute i landsbyane der dei ikkje kjem seg til helsestasjonane og sjukehusa. Dette var ein heilt utrulig opplevelse. Berre å sjå korleis dei bur og klena dei har på seg! Ufattelig! Det var mange mødre og barn som venta på oss då me kom, rykte hadde spredd seg om at me var på vei. Mange vaksinasjonar og mange registreringar blei det denne dagen. Og vår daglige 1,5time venting på den irriterande bussen fekk me og med på kjøpet!! Ein kan ikkje vera utolmodig i Afrika det er berre heilt grett! Men å omstille seg frå Norges jag med klokka til han kjem når han kjem innstilling, er ikkje berre berre skal eg sei deg!


I går, altså onsdag var me tidlig ferdig i praksis. Eller med andre ord bussen kom når han skulle! Dette var jo ein ypperlig mulighet for oss til å utnytta dagen best mulig. Me forta oss å ete litt av den ”Deilige” skulematen, og fekk skyss ned til Old Town. Her gjekk me på Sunbird Hotell og betalt 25 kr for solseng med madrass, håndle og et deilig basseng heilt for oss sjølv!! Kunne ikkje blitt betre!

1 kommentar:

  1. Så fremmed alt høres ut. Jeg er sikker på at det inn i mellom er vanskelig å forholde seg til en så annerledes "verden". God å se at dere inn i mellom får slappet av og kost dere. Se innom http://askeskogen1.blogspot.com/. Hilsen til deg der.

    SvarSlett