fredag 6. november 2009

Burn unit


Denne veka skal me tilbringe på Burn Unit. Det er ei brannskadeavdeling for både voksne og barn. Mandag stillte me modige opp, usikre på kva me skulle forventa oss. Berre lukta når me entra avdelinga var overbevisande nok, her kom me til å få sjå mykje fælt. Mandagen var dagen då bandasjen på alle pasientane vart tatt av og legen skulle vurdere vidare behandling. Dette er ingen smertefri affære, så avdelinga var alt anna enn rolig. Alle inntrykka og luktene var nok til at magen til både meg og Siri har vrengte seg fleire gongar. Etter at legen hadde vurdert alle brannsåra, var det å rense og bandasjere på igjen. Dei aller fleste av desse brannskadane var komen av matlaging på bakkenivå, og at ungane leiker utan tilsyn rundt matplassen. På avdelinga er det eit evig mas der legen kjeftar på mora for ikkje å passe godt nok på ungen, og mora kjefter på ungen for å være uforsiktig. Det skal ikkje vera lett.

Tirsdag var det Clinical day. Då ser legen til alle pasientane som ikkje er innlagt på avdelinga, men som har mindre brannskader. Me blei sittande på eit kontor ilag med legen og ein gjeng legestudentar. Legen var ein plastisk kirurg som verkeleg elska å drilla studentane sine i spørsmål, og me var ingen unntak. Det var heilt grusomt til å begynne med, men på slutten av dagen hadde me lært ein heil masse om brannskader.

Onsdag var operasjonsdag. Me blei kledd opp, og inn på operasjonssalen med oss. Dette var faktisk ein god opplevelse, pasienten var i narkose og fekk hudtransplantasjon. Me fekk også assistere under operasjonen, dette var veldig spennnade og lærerikt. Det som ikkje var så kjekt denne dagen var at ein av pasientane sa takk og farvell til denne verden. Og det at denne gutten berre var 3 år gjore det ikkje mykje betre.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar